Vis folkeskikk, husk at alt du skriver her kan leses av andre.

IMG 0182 v1 mini

Varanger og Finnmark, slik hollandske kartografer så det i . 1665. Mange interessante navn er der og noen uventede.

Vist 56 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Fantastisk kart over Finnmark frå 1600-talet. Særleg er namna verdfulle og interessante. Vadsø har sitt rette namn: Vassøy, Persfjorden og: Bergsfjord, Kiberg, opphavleg Kybber. Vi har aldri brukt g i uttalen, og ky utaler vi tjy: tjyber, -ber kan vere både -bær, -ber-byr og bør, i dag by eller bø. Syltefjorden har vel her sitt rette namn: sultefjorden? Blodskyttodden nord for Smellror har fått sitt namn: Blodbehd? Legg merke til at namnet Kibbær famner om heile den nye nasjonalparken, berre så det er sagt! Dei gamalnorske namna er på plass: Magravjo, Nordkinn, Madkaur (makkeur). Ikkje eitt namn frå Sørvaranger, derimot mange finske namn. Det interessante namnet Grøhøgda, som Aage nemner ein stad, er ikkje avmerka, men det er norrønt og tyder grjothøgda, steinhøgda. Utfor Vardø har vi fiskemea Grøttuva, grjottuva, steintuva Ein parallell har vi i namnet Gryta i Komagvær som tyder grjot, stein.

 

Bildesamlingen (37 bilder)